Flipperspel er gøy – både vanlige og på data. Dette er produsert for/av eit nederlandsk ølbryggeri, som òg har laga dei imponerande gratisspela Dart ’m Up (dartspel) og Pool ’m Up (biljardspel).
Eg har spelt flipperspel på data før, og favoritten er Psycho Pinball (utrulig bra). Sjølv om dette ikkje er fullt so bra, er det slett ikkje verst. Det består av eitt brett. Målet med spelet er som i andre flipperspel; du skal skyta ei kule for å treffa ulike ting som gjev poeng. Flipperspel har oftast eit tema, og har dette òg. Temaet her er – passande nok – øl! Du skal for eksempel treffa alle ølboksane eller barstolane for å få poeng.
Spelet er gøy, som flipperspel pleier å vera. Det er nok variasjon til at du ikkje blir fort lei det, og det er heller ikkje for vanskelig. Det vil seia, nokre mål er veldig vanskelige å treffa, men øving gjer meister.
Grafikken er stilig og litt 3D-aktig (du ser brettet på skrå ovanfrå). Lyden er òg bra. Passande lydeffektar og fin bakgrunnsmusikk.
Om du likar flipperspel, vil du lika dette. Det har god grafikk, god lyd og er gratis. I tillegg er det mykje betre enn mange andre (eldre) kommersielle flipperdataspel og vel verdt nedlastingstida.
Roll ’m Up vart først omtalt 1999-12-01.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: