Som so ofte før må du verna jorda mot fiendar frå det ytre rom. Dette spelet er visstnok ein nyversjon av Missile Command (som eg aldri har spelt) – ein ganske bra versjon òg!
Det er di oppgåva å hindra seks byar å bli øydelagt av eit massivt angrep av romvesen. Rakettar dalar ned mot jorda, og du må skyta (og dermed sprenga) desse før dei når byane. Når alle byane er øydelagt, er spelet over.
Bretta blir som venta vanskeligare og vanskeligare, og rakettane kjem raskare og raskare. I tillegg kjem det ekstra romskip, sjølvsagt for å gjera det endå vanskeligare … Heldigvis kan du få bonusting òg, som fleire og raskare skot.
Som du ser frå bilda, er ikkje grafikken spesielt imponerande. Men stillbilde seier ikkje alt, og med hurtige eksplosjonar og mykje som skjer på ein gong, ser det faktisk ganske flott ut.
Musikken er MIDI-musikk, og er derfor avhengig av kor godt lydkort du har. Men han er uansett ganske variert og endrar seg etter kva brett du er på.
Vanskelig på dei seinare bretta, men likevel veldig kjekt!
Rocket Raid vart først omtalt 2000-01-21.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: