Dommelsch Bier har gjort det igjen! Endå ein gong har dei gitt ut eit skikkelig kvalitetsspel, heilt gratis (les òg omtalen av flipperspelet Roll ’m Up og dartspelet Dart ’m Up).
Pool ’m Up er eit biljardspel («pool» for å vera korrekt) for ein eller to spelarar. Det er utgitt av eit nederlandsk ølbryggeri …
Dette spelet imponerer. Det har flott grafikk, flott musikk og er kjekt. Hadde det vore til sals, hadde det vore vel verdt å kjøpa. Men, det er gratis, og det er jo endå betre (spelet er forresten full av snikreklame for øl!).
Spelet har støtte for to spelarar, og det er sjølvsagt det gøyaste. Litt vennskaplig konkurranse er jo alltid kjekt. Om du er veldig god, finst det òg ein funksjon for å lasta opp poengtavla til Internett, slik at du kan samanlikna deg med andre …
Dette er eit flott spel. Det følest som eit verkelig biljardspel (dvs. at kulene reagerer slik du forventar). Last det gjerne ned.
Pool ’m Up vart først omtalt 2000-01-15.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: