Gratis kvalitetsdataspel

Pizza Worm

Introduksjon

Snake- og Tron-liknande spel er mine favorittar. Dette er eit slikt spel, og det er veldig bra.

Slike spel går ut på styra ein «slange» rundt på eit brett. Denne kan vanligvis eta ulike ting for å bli større og få meir poeng. Ein skal prøva å ikkje krasja med veggen eller seg sjølv (etter ei stund er det nesten ikkje plass igjen på brettet).

360-gradars rotering

Det unike med Pizza Worm er at ein kan snu seg rundt heilt fritt, altså ikkje berre i rette vinklar. I tillegg er grafikken sers flott. Ein kan òg spela i tospelarmodus, noko som er ganske gøy.

Grafikk, lyd og konklusjon

Som sagt er grafikken veldig bra og det same er lyden. Han består av både musikk og lydeffektar. Musikken stilig og lydeffektane er kule. Dette har blitt ein av mine absolutte favorittar og vil verkelig anbefala det. Eit av dei beste i sin sjanger!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
2.1G
Forfattar
Zorlim
Heimesida
Pizza Worm
Kort beskriving
Snake-liknande tospelarspel, med flott grafikk og lyd, samt 360° bevegelse.

Kategoriar spelet er med i

Pizza Worm vart først omtalt 1999-09-03.


Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel:

 
 


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.