Ein liten introduksjon om du ikkje kjenner til dette spelet frå før: Dette er brettspel delt inn i eit rutenett med åtte rader og like mange kolonnar. Midt på brettet er det fire brikker, to svarte og to kvite. Dei kvite hører til ein spelar og dei svarte til ein annan. Målet med spelet er å få heile brettet dekka med brikker i din eigen farge. Dette gjer du ved å hoppa over motstandarens brikka/-er. Desse byttar då farge. Enkle reglar, vanskelig spel!
Du kan enten spela mot ein annan spelar eller mot datamaskina. Det er tre vanskegradar, og du må vera veldig god for å vinna på den vanskeligaste.
Grafikken er det store med dette spelet. Han er veldig god, og overgangen (fargeendringa) frå ei brikka til ei anna er spesielt bra. Det er ingen lyd eller musikk i spelet, noko som er litt negativt. Når ein vinn er det heller ikkje mykje som tyder på det, berre ein anonym tekst på kanten av brettet.
På tross av desse «småfeila» er dette eit veldig bra spel. Grafikken er super og spelet er veldig spelbart. Viss du likar brettspelet Othello/Reversi vil du elska dette.
Eg har med nedlastingslenkjer til både versjon 1 og versjon 2 av spelet. Eg klarer ikkje heilt å sjå nokre tekniske forskjellar mellom versjonane, men versjon 1 har (merkelig nok) mykje betre grafikk enn oppfølgjaren.
Othello vart først omtalt 1999-09-07.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: