Gratis kvalitetsdataspel

Maximum Overdrive

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

OBS! Dette er ein betaversjon av eit spel. Det vil seia at det ikkje er ferdig, og vil sannsynligvis innehelda feil, kanskje alvorlige feil. Kanskje vil det fungera OK, kanskje ikke. Verken eg eller spelprodusenten kan garantera noko.

Introduksjon

Dette er eit bilspel for ein til fire spelarar. Du/de deltar i eit billøp, med til saman opptil ni bilar. Som i nær alle slike bilspel, er det førstemann i mål etter fem rundar som vinn. Men i motsetning til i dei fleste av desse andre spela, kan du her bruka våpen i kampen for å bli den første som passerer mållinja …

Fleire spelarar

Spelet er heilt OK med berre ein spelar, men det er endå kjekkare med fleire. Det er inga nettverksstøtte, so alle (opptil fire!) spelarane må dela eitt tastatur. Kvar spelar treng fire tastar for å styra, to for bruk ut bytting av våpen, samt ein for håndbrems og ein for horn(!). Det går lett galt med tre eller fleire spelarar … Med to spelarar går det imidlertid rimelig bra.

Våpen

Det finst fleire våpen i spelet – rakettar, varmesøkande rakettar, miner, oljeflekkar, og meir. Dei mest effektive/kraftige har du få av, men du kan plukka opp ammunisjon på vegen. Du finn for øvrig fleire «bonusting» langs bana, for eksempel ein «dings» som gjev deg betre veggrep.

Grafikk

Grafikken i spelet er etter mi meining veldig god. Bilane og bana er godt teikna, og eksplosjonane er sers underhaldande (når dei ikkje skjer deg sjølv, rett nok). Spelet inneheld og ein del flotte «spesialeffektar» og fine detaljar. For eksempel kjem det bremsespor når du bremsar, og blir ein bil totalskada, ryk det tung, svart røyk ut av han. Kjem du borti i ein annan bil, slår gnistar mellom dykk.

Spelet støttar ei rekkje oppløysingar, frå 320×240 til 1024×768. Størrelsen på grafikken er den same (i pikslar) uansett, slik at du i lav oppløysing får større bilar, og ser mindre av bana om gongen. Spelar du åleine, fungerer ei oppløysing på 640×480 eller 800×600 fungerer best, men er de fleire, bør du gå opp eit hakk (til 800×600 eller 1024×768).

Lyd

Det er ingen musikk i spelet, men mange bra lydeffektar. Me har sjølvsagt motorduren, men og ein del saftige smell når du bilane krasjer inn i kvarandre, kjører på ei mine, eller på annen måte blir redusert til noko som hører meir heime på ein skraphaug.

Betaversjon

Dette er ein betaversjon av spelet, er det ein del som ikkje er ferdig. For eksempel finst det berre eitt brett, og når du fullfører eit løp, skjer det ingenting. Dette vil bli retta opp i seinare versjonar, og gjer eigentlig ikkje so mykje.

Konklusjon

Dette er eit skikkelig gøy spel. Du kan oppnå nokre ekstreme hastigheitar i det, noko som alltid er morosamt … Likar du actionfylte bilspel, er eg derfor sikker på at du vil lika dette òg.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 400×300 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
0.891
Forfattar
Michael Davies
Kort beskriving
Bilspel frå ein til fire spelarar. Flis rundt på ei bane i høg fart. Alle middel er tillatne i konkurransen med dei andre – inkludert bomber og granatar!

Nedlasting

Kategoriar spelet er med i

Maximum Overdrive vart først omtalt 2001-07-10.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.