Det er dagen for julafta, og på nisseverkstaden er dei travelt opptatt med å få ferdig alle julegåvene. Når ei gåva er ferdig, vert ho hiven ut glaset, og ned i sleden til julenissen. Vel, slik skulle det vera, men nissen har visst komme i skade for å parkera sleden sin for langt frå glaset.
Som nissens hjelpar må du derfor sørgja for at alle pakkane som kjem fykandes ut frå verkstaden kjem trygt fram til sleden.
Hjelperane har kvar sin polkagris som pakkane kan spretta på, og som du kan bruka til å få dei frå nisseverkstaden på venstre sida av skjermen til sleden på høgre sida. Enkel idé, men ikkje fullt så enkelt i praksis!
Spelet har to variantar. Du kan enten prøva å få flest pakkar til sleden, eller sjå kor mange pakkar du klarar på eitt minutt. Men spelet er endå artigare om de er to, då de kan samarbeida om å hjelpa nissen med pakkane.
Du styrar hjelperane med tastaturet, og kan velja styretastar sjølv. (Og hugs at du kan bruka «Alt + Enter» for å å la spelet dekka heile skjermen.)
Grafikken er enkel, men fin og julete, med dalande snø som sørger for skikkelig julestemning. Det same gjer musikken, som består av mange kjente julemelodiar, sers godt arrangert.
Klabutong er verken stort eller avansert, men like fullt eit skikkelig flott julespel! Perfekt å spela som eit lite avbrekk i julestria, eller til å forkorta ventetida til julekvelden …
Klabutong vart først omtalt 2004-12-21.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: