Gratis kvalitetsdataspel

Jetpack

Introduksjon

I dette spelet fyk du rundt med ein rakettmotor på ryggen. Spennande …

Sjølvsagt har denne fykinga ei meining òg. Du er nemlig på jakt etter smaragdar. Men om du finn andre skattar òg, er dette heller ikkje å forakta! Dessverre er det som vanlig ymse fiendar – alt frå smarte robotar til rullande steinar – som vil hindra deg i dette. Og det er då rakettmotoren kjem til nytte. I tillegg til rakettmotor, har du òg eit kraftig våpen du kan skjera gjennom stein med.

Grafikk og lyd

Musikken er ikkje-eksisterande og lyden består av små, men velvalte lydeffektar av OK kvalitet. Grafikken er grei, men ber preg av at spelet først kom ut i 1993.

Gratis!

Då spelet først kom ut, var det som «shareware», og det vart ein enorm suksess. I 1998 var spelet begynt å bli gammalt, og begge speldistributørane som før hadde distribuert spelet, fanst ikkje lenger. Forfattaren bestemte seg då for å gje vekk spelet gratis, noko me alle er glade for!

Konklusjon

Ikkje det beste når det gjeld grafikk og lyd, men det er gøy. Det er grunnar til at spelet vart so populært som det vart. Ein av desse er kanskje det medfølgjande brettredigeringsprogrammet (du kan laga eigne brett), men òg spelet sjølv er veldig spelverdig. Det følgjer forresten med kjempemange brett. I tillegg finn du endå fleire på heimesida til spelet.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.5
Forfattar
Adam Pedersen, med fleire
Heimesida
Jetpack
Kort beskriving
Fyk rundt med ein rakett på ryggen og saml smaragdar …

Kategoriar spelet er med i

Jetpack vart først omtalt 2000-02-26.


Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel:

 
 


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.