Europa blir angripen av terroristar, og det blir di oppgåva å slå tilbake for å sikra verdsfreden. Du styrer eit helikopter, og må utføra ymse oppdrag for FN.
Oppdraga du får går vanligvis ut på å henta og bringa ting eller personar, beskytta transportar, eller uskadeliggjera fiendlig utstyr og personell. I starten av spelet får du mest ufarlige øvingsoppdrag, men seinare møtar du væpna motstandarar. Det er ikkje alltid like gøy.
Med deg har du ein annanpilot som styrer med våpna. Du kan velja mellom eit vanlig maskingevær og ymse rakettvåpen, avhengig av kor langt du er komen i spelet. Annanpiloten spelar òg ei anna viktig rolla. Han er ansvarlig for å reparera helikopteret når det blir skada. Når du startar spelet, kan du velja kva annanpilot du vil bruka. Nokre er flinke med våpna, mens andre fungerer betre med ein verktøykasse i neven.
Grafikken er ganske grei, og er overraskande nok jamn sjølv på rimelig gamle maskiner. Lyden er òg OK, men musikk er det berre mellom kvart hovudoppdrag.
Alt i alt er dette eit kjekt krigsflyspel. Prøv det gjerne.
Hellcarrier vart først omtalt 2002-09-05.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: