Gratis kvalitetsdataspel

God of Thunder

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette er ei blanding av eventyr-/rollespel og tenkespel. Du spelar sjølvaste tordenguden – Tor – i kamp mot den sleipe Loke …

Sjølve spelet

Spelet er sett saman av mange «brett» eller skjermbilde som du kan bevega deg forholdsvis fritt mellom. På kvart skjermbilde er det vanligvis oppgåver som må løysast. Det kan vera noko so enkelt som å skyta fiendar (hammaren din fungerer som ein bumerang, og kjem alltid tilbake), plukka opp edelsteinar og magiske drikkar, eller skru på «brytarar» og skubba ulike brikker rundt for å komma deg vidare. Spelet er òg delt inn i tre «episodar», med ein hovudfiende på slutten av kvar – Midtgardsormen i første episode og Loke i siste episode.

Nedst på skjermen er det ei tavle som viser talet på edelsteinar, nøklar og poengsum, samt to søyler som viser kor mykje helse og kor mykje magi du har igjen. Du kan plukka opp ulike gjenstandar (edelsteinar, eple og magiske drikkar) for å auka talet på kvar av desse. Du kan òg plukka opp nokre magiske gjenstandar som du treng for å løysa spelet. Kvar gong du brukar desse, minkar magisøyla di.

Eg vil ikkje kalla dette eit actionspel, sjølv om det inneheld litt hammarkasting. Det er tenking og strategi hovudvekta ligg på, og ein del av «oppgåvene» du må løysa er ganske utspekulerte. Sjølv om du hatar action er det altså ingen grunn til å unngå dette spelet.

Lagring og evig liv

Du kan lagra spelet når som helst, men spelet blir då lagra som når kom inn på gjeldande skjermbilde. Du har òg evig liv (skulle forresten berre mangla; du er jo ein gud!). Kvar gong du dør, startar du på nytt på det skjermbildet du er på. Å dø vil nok gjera ofte, og det finst òg ein eigen tast for dette. Denne er nyttig når du har øydelagt so mykje for deg at du ikkje vil klara skjermbildet, eller du har lite helse/magi igjen.

Grafikk og musikk

Spelet kom ut i 1994 (då som «shareware»), og grafikken gjenspeilar naturlig nok dette. Men når det er sagt, eg synest han er veldig bra – fargerik og godt teikna. Verken grafikk eller musikk er med på å gjera spelet noko verre, tvert imot vil eg seia.

Konklusjon

Eg storkoste meg verkelig med å spela gjennom dette. Det inneheld faktisk litt humor òg. Eg føretrekker eventyrspel, eller iallfall spel eg må tenka litt i, og dette er eit slikt spel (sjølv om det ikkje er so veldig vanskelig).

Spelet er kjempebra! Kva som er so bra med det er kanskje ikkje so lett å svara på, men la meg seia det slik – det er ikkje noko som er dårlig med det. Det er rett og slett eit veldig kjekt spel. Viss du likar du eventyr- eller tenkespel, ja, sjølv om du føretrekker actionspel, bør du prøva dette. Som sagt, eg storkoste meg med å spela det, og eg trur du vil gjera det same.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×192 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×192 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.1
Forfattar
Adam Pedersen, med fleire
Heimesida
God of Thunder
Kort beskriving
Kjempekjekt eventyr-/tenkespel basert på norrøn mytologi.

Kategoriar spelet er med i

God of Thunder vart først omtalt 2000-12-24.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.