I dette spelet kjører du ein bil (og ikkje kva som helst bil, men ei ekte «bobla»!) rundt på baner, innan ei viss tidsgrense. Hinder i vegbanen, samt krappe svingar er med på å gjera det vanskelig å halda denne tidsgrensa …
Du kan plukka opp ulike gjenstander som gjev deg ekstra fart, eller skadar bilen. Får du for mange av sistnemnte, blir bilen totalvrak!
Du bør ha eit 3D-grafikkort for å kunne spela dette spelet (det går nok utan, men då må velja veldig lav skjermoppløysing). Mitt 3D-kort er ikkje av dei beste, men det fungerte ganske greitt med dette spelet. Grafikken er verkelig god, og inneheld flotte spesialeffektar som for eksempel tåka.
Lyden består (naturlig nok) av billydar, samt små lydeffektar når du plukkar opp bonusgjenstandar eller krasjar! Desse er ganske greie.
Dette er eit imponerande spel, først og fremst på grunn av grafikken. At det er gøy å spela, gjer ikkje saka noko verre! Likar du bilspel, kan eg trygt anbefala deg å prøva dette. Eg bør nok nemna at all tekst i spelet er på tysk, men dette er eigentlig ikkje noko problem.
FunRun vart først omtalt 2000-12-22.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: