Gratis kvalitetsdataspel

Freeride Earth

Introduksjon

Freeride Earth er eit kjekt, lite snøbrettspel. Heile meininga med spelet er å stå på snøbrett; du kan ikkje vinna – du kan ikkje tapa …

Vel, du kan sleppa opp for tid om du vel konkurransemodus. Dette er ikkje ein konkurranse mot motstandarar, men mot tida. Spreidd rundt på brettet finn du tidskapslar som gjer deg meir tid. Du får bonuspoeng ved å ta flotte hopp.

Grafikk og lyd

Du bør ha eit 3D-grafikkort for å kunne spela dette spelet. Mitt 3D-kort er ikkje av dei beste, men det fungerte ganske greitt med dette spelet. Grafikken er overraskande bra for å vera eit gratisspel. Snøen som dalar ned gjev ei fin stemning!

Heilt i begynnelsen og slutten av spelet er det musikk. Denne er ganske stilig, og passar bra til eit snøbrettspel. Når du spelar sjølve spelet, er det «snølyd», men ingen musikk. Denne lyden er òg ganske bra – smårealistisk.

Konklusjon

Dette spelet er nok ikkje so utvikla som det burde vore. Det finst berre eitt triks du kan ta, og det verkar ikkje å vera noko poeng i å virra rundt i snøen. Men spelaren er lett å styra, grafikken og lyden er veldig bra, og spelet er faktisk litt gøy – iallfall for ei lita stund …

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 JPEG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
3
Forfattar
Allain Villaume
Heimesida
Freeride Earth
Kort beskriving
Snøbrettspel med 3D-grafikk.

Nedlasting

Kategoriar spelet er med i

Freeride Earth vart først omtalt 2000-06-10.


Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel:

 
 


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.