Gratis kvalitetsdataspel

Elimination III

OBS! Det er eit lite problem når det gjeld nedlastingslenkjene til dette spelet, det vil seia – dei verkar ikkje … Dette er utelukkande vevtenaren der spelet ligg si skyld. Dei gode nyheitene er at alt vil fungera viss du går til heimesida til spelet og lastar det ned derifrå.

Introduksjon

Kinasjakk, det var det første eg tenkte då eg såg dette spelet. Etter å ha spelt det litt, sit eg att med same inntrykk. Dette spelet minner altså litt om Kinasjakk, men er samtidig annleis …

Kinasjakk

Kinasjakk (eller Stjernehalma) er eit brettspel der du skal hoppa over brikkene til motstandaren. Det skal du òg i dette spelet, men her finst det i tillegg hol du kan detta ned i. Ein annan viktig forskjell er at du brukar terningar for å avgjera kor langt du kan flytta brikkene dine. Det er altså litt flaks med i bildet òg.

Sjølve spelet

Frå to til fire spelarar kan delta, eventuelt der nokon av dei er datakontrollerte, på lag (til og med tre mot ein), eller som alle mot alle. De kan òg spela turneringar. Spelet går føre seg på eit firkanta brett med mange felt/nedsenkingar. Førstemann ut trillar to terningar som avgjer kor langt han (eller ho) kan flytta. Du kan enten flytta ei brikka to gongar, eller to brikker ein gong. So er det nestemanns tur.

Om du hoppar over motstandarens brikka, forsvinn denne. Der brikka var, dukkar det so opp eit lite symbol (ein «F») som blir verande der heilt til nokon hoppar direkte på det. Vedkommande får då ei ekstrabrikka. Som du sikkert har forstått, er taparen han som mistar alle brikkene sine. For å hjelpa til med dette, er det òg plasserte ut ein del hol du kan detta ned gjennom …

Grafikk og musikk

Grafikken i spelet er flott. Fine fargar og rein layout.

Musikken er MIDI-musikk, men med ein liten vri. Kor bra MIDI-musikk høyrest ut, er nemlig vanligvis avhengig av lydkortet ditt. Men dette spelet brukar DirectMusic, ein del av DirectX, noko som gjer at musikken høyrest lik ut på alle maskiner. At han i tillegg høyrest veldig bra ut er sjølvsagt òg eit pluss!

Nytt i denne utgåva er at du kan bruka standard-MIDI-avspelingseininga til lydkortet i staden for DirectMusic, viss du synest denne er betre. Du kan òg ha musikk frå ein CD i bakgrunnen.

Nettverk

Nytt i denne utgåva er og muligheita for å spela over nettverk. Du kan enten spela over eit tradisjonelt nettverk, eller over Internett. Eg har ikkje fått prøvd denne funksjonen, men eg reknar med at han fungerer bra.

Konklusjon

Dette spelet er veldig bra. Flott grafikk og flott musikk har sin del av æra for dette, men spelbarheita er òg bra. Anbefalast alle kinasjakkentusiastar!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
Tredje versjon
Forfattar
Justin Hoffman
Heimesida
Elimination III
Kort beskriving
Kinasjakk med ein liten vri.

Nedlasting

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Elimination III vart først omtalt 2001-01-15.


Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel:

 
 


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.