Gratis kvalitetsdataspel

Dart ’m Up

Introduksjon

Her er endå eit kvalitetsspel frå Dommelsch Bier (les òg omtalen av flipperspelet Roll ’m Up og biljardspelet Pool ’m Up). Denne gongen er det dart det handlar om.

Sjølve spelet

Sjølve spelet handlar om dart, eller pilkasting om du vil. Du (og eventuelt ein venn – spelet har støtte for to spelarar) skal treffa dartskiva på alle poengfelt med verdi over 10 tre gongar. Det vil seia, det held sjølvsagt at du treff ein gong på eit trippelfelt eller to gongar på eit dobbeltfelt.

Du alt dette er gjort, kjem du til eit slags bonusbrett, der du må treffa alle felta på kort tid. Vinnaren er han med mest poeng ved slutten av spelet, og poengtavla kan du lasta opp til ei eiga sida på Internett.

Imponerande

Som vanlig har produsentane laga eit spel med veldig bra grafikk og musikk. Det er rett og slett imponerande at dei gjev vekk eit slik spel gratis.

Konklusjon

Spelet har flott grafikk, musikk og lyd. Du blir kanskje lei av elektroniske dartspel etter kvart, men det held nok ei stund. Skikkelig kjekt.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 JPEG.]

 

Spel­informasjon

Forfattar
Lost Boys/Dommelsch Bier
Kort beskriving
Dartspel med flott grafikk, lyd og musikk.

Nedlasting

Kategoriar spelet er med i

Dart ’m Up vart først omtalt 2000-11-19.


Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel:

 
 


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.