Gratis kvalitetsdataspel

Cultures – The Beginning

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

I dette spelet styrer du ein raudhåra viking på jakt etter gull. Sjølvsagt er det hinder i vegen for deg – illsinte villsvin og gretne bjørnar. I tillegg finst det andre vikingar som ikkje unnar deg litt gull …

Sjølve spelet

Spelet er delt inn i skjermstore brett, kvart med ei viss mengd gull. For å få tak i dette, må du enten unngå fiendane, eller skyta dei med pil og boge. Kjem du borti dei, blir du skada, men litt mat gjer deg frisk og rask igjen. Det kan imidlertid lett bli veldig mange av desse fiendane, og ein god strategi derfor å øydelegga hiet deira (eller leiren når det gjeld andre vikingar).

Musikk og lyd

Det finst lite musikk i spelet, men både grafikken og lyden er god. Synest spesielt dei tunge hjerteslaga når du er skada er effektfulle.

Konklusjon

Dette spelet er veldig vanskelig. Skal eg vera heilt ærlig, kom eg faktisk berre til tredje brett … Men la ikkje det hindra deg i å prøva det, for det er absolutt eit gøy spel. Du kan forresten òg lasta ned ein artig animert skjermsparar med figurane frå spelet.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 400×300 JPEG.]

[Bilde frå spelet. Format: 400×300 JPEG.]

 

Spel­informasjon

Forfattar
Funatics Development
Kort beskriving
Du spring rundt og skyt villsvin, bjørnar og vikingar, samtidig som du prøver å plukka opp alt gullet du kjem over.

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Cultures – The Beginning vart først omtalt 2001-05-30.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.