Gratis kvalitetsdataspel

Cubert Badbone, P.I.

Introduksjon

Du lever eit rolig og avslappa liv som privatetterforsker på Ekrat Island™ – ei romøy eit stykke frå jorda. Men so begynner alle menneska å forsvinna. Dette er sjølvsagt ein katastrofe; mennesketurisme er øyas største inntektskjelda! Motvillig går du derfor med på å prøva å finna ut kva som har skjedd.

Eit eventyrspel

Dette er eit tradisjonelt «peik og klikk»-eventyrspel, der du skal gå rundt og plukka opp gjenstander, bruka desse på andre gjenstander, og snakka med folk for å komma vidare.

Cubert Badbone, P.I. er samanlikna med andre eventyrspel ikkje serlig omfattande, og heller ikkje vanskelig, men det er absolutt underhaldande. Verken plottet eller oppgåvene du skal løysa er i seg sjølv noko å skriva heim om, som heilheit fungerer spelet likevel veldig greitt.

Grafikk og lyd

Spelet ser noko spesielt ut; det er nemlig teikna i høgt stilisert svart-kvitt! Det kan på ein måta minna lite grann om dei gamle detektivfilmane frå 1940-talet, og stilen passar handlinga bra. Det same gjer musikken, med fine, jazzete melodiar.

Konklusjon

Veldig god musikk, fin grafikk, eit ålreit plott og kjekk tidtrøyte for eit par timar. Likar du eventyrspel, bør du gje dette ein sjanse!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
3.14159
Forfattar
Deirdra Kiai
Heimesida
Cubert Badbone, P.I.
Kort beskriving
Detektimen i svart-kvitt. Eller noko sånt.

Nedlasting

Kategoriar spelet er med i

Cubert Badbone, P.I. vart først omtalt 2004-04-17.


Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel:

 
 


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.