Gratis kvalitetsdataspel

Command da Bonga

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette spelet er laga som ein hyllest til spelet Command and Conquer, og liknar dette. Du bruker musa og eit par tastar til å styra nokre soldatar. Du kan dela desse opp i grupper og gje dei ordrar. Eksempel på ordrar er å utforska, patruljera eit visst område eller går til angrep på fiendar. Du har vunne først når alle fiendane på brettet er utrydda.

Brettet

Brettet soldatane kan bevega seg på er mykje større enn skjermen. I begynnelsen er heile brettet svart, men etter kvart som du utforskar, blir meir synlig. Du kan sjå ulike plassar på brettet ved å trykka på eit oversiktskart øvst til høgre eller ved å flytta peikaren heilt til venstre eller høgre på skjermen.

Grafikk og lyd

Grafikken er ganske god. Spelet har både musikk og lydeffektar. Det som gjer dette so imponerande, er at spelet er på berre 31,9 KiB. Det trengst ufattelig bra programmering for å laga eit slikt spel, med både introskjerm, flott grafikk, lyd, musikk (to melodiar), poengtavle, avslutningsskjerm, musstøtte, ulike vanskegradar og støtte for tre ulike språk på under 32 KiB.

Konklusjon

Spelet er relativt lett på den enklaste vanskegraden (eg tar alltid han!). Det har kanskje litt for lite variasjon og varar derfor ikkje so lenge, men det er no gøy eit par rundar. Uansett so tar det jo veldig liten plass og lita tid å lasta ned.

Sjå elles kategorien «Liknande spel» for fleire spel på berre 32 kibibyte.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
Ferdigversjon
Forfattar
2nd moon
Kort beskriving
Skytespel som liknar på Command and Conquer. Tar veldig liten plass.

Nedlasting

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Command da Bonga vart først omtalt 1999-06-20.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.