Dette spelet er litt spesielt. Du styrer nemlig ei kondomkanon, og skal skyta kondomar på sædceller og ymse virus. Absolutt originalt! Dette er for øvrig oppfølgjaren til det populære spelet Catch the Sperm.
Sædceller kjem symjande inn frå venstre, og det er di oppgåva å hindra at dei kjem vidare. For kvar av dei du klarer å stoppa, får du poeng. Viss du imidlertid ikkje klarer å stoppa dei, er ikkje det noko katastrofe. Annleis er det med virusa som òg dukkar opp innimellom. Får du ikkje få slengt ein kondom over dei, er det «Game Over» (som i verkeligheita!).
Av og til dukkar det «spesialsædceller» opp. Desse er forma som blant anna Supermann, Tarzan og ein dinosaur, og du får spesialvåpen viss du klarer å fanga dei. For eksempel gjev dinosaursædcella deg store kondomar, mens Supermann-sædcella gjev hurtigfykande kondomar. Desse er for øvrig veldig kjekke å ha på dei seinare bretta.
I denne utgåva kan du òg spela tvekamp mot andre over Internett. Dette er kjempegøy!
Grafikken er skikkelig god. Både bakgrunnen, sædcellene og virusa er kjempebra teikna. I tillegg finst det nokre flotte effektar, med for eksempel bobler som svevar rundt. På eldre maskiner kan desse imidlertid føra til at spelet går seint/hakkete, og dei kan derfor slåast av.
Musikken er òg kjempebra laga, og passar utmerka til spelet. Elles finst det fleire fine lydeffektar. For eksempel vil sædceller som klarer å passera kondomkanona utbryta eit lite «jippi», og Tarzan-sædcella kjem med – ja, nettopp – eit Tarzan-brøl.
På alle område er dette spelet bra. Både grafikk og lyd held høg kvalitet, og det er kjempegøy å spela, spesielt mot andre over Internett.
Spelet vart for øvrig produsert på oppdrag av det sveitsiske helsedepartementet for å skapa merksemd og kunnskap om HIV og AIDS.
Catch the Sperm II vart først omtalt 2002-03-05.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: