Dette spelet vart først gjeven ut i 1993, og då selt for full pris. Etter det kom både Caesar II og Caesar III, som vart ein populær serie. Dei som har laga spelet har no bestemt seg for å gje vekk det første spelet gratis.
Heile spelet går ut på å laga ein vellykka provins. Spelet foregår på to plan – by og provins. I provinsmodus blir heile byen vist som eit lite symbol, mens i bymodus driv du med detaljutforming av byen.
Dette er eit typisk simulatorspel, i same stil som Civilization og Sim City. Det er masse bygningar, vegar osv. du kan bygga, og du må kontrollera økonomien og forsvara både byen og heile provinsen. Alt dette for at folket skal bli lykkelig og du skal stiga i gradene (for til slutt å bli Cæsar – om du er dyktig).
Spelet er komplisert, og eg vil ikkje komma inn på alle detaljane her. Det er ikkje eit spel du blir ferdig med på kort tid, men heller eit du kan sitja med på lange, seine, mørke haustkveldar.
Både grafikken og lyden er rimelig bra (256-fargars grafikk). Spelet kom ut i 1993 og har derfor ikkje den tekniske standarden ein kan venta av nyare spel. Sidan det kom ut for so lenge sidan kan det òg gå litt raskt på nyare maskiner. Dette kan du heldigvis stilla på, so det er ikkje noko problem.
Sjølv syntest eg dette spelet var litt tungvint å bruka, men likevel veldig bra. Sidan det er eit sopass komplekst spel bør du lasta ned bruksrettleiinga før du begynnar med det. Denne er på over 60 sider i PDF-format, eigna til å skrivast ut. Uansett bør du iallfall lasta ned installasjonsinstruksane, for å kunna installera det korrekt og få lyden til å fungera skikkelig.
Caesar vart først omtalt 1999-08-28.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: