Gratis kvalitetsdataspel

Busta Move

Introduksjon

Her har me faktisk tre spel som liknar veldig på kvarandre – dette, Bubble Puzzle 97 og BubbleBall. Alle spela går ut på det same; du skal skyta bobler/kuler med ei kanon, og desse vil forsvinna viss tre eller fleire i same farge festar seg saman. Boblene/kulene under dei vil òg forsvinna.

Sidan alle spela er variantar av same spelidé, vil eg i kvar omtale konsentrera meg om forskjellane mellom dei.

Likskapar og forskjellar

Dette spelet er i prinsippet likt dei andre. Grafikken er sjølvsagt litt annleis (verken betre eller dårligare), men spelkonseptet er likt. Ein ting som er litt grei, er siktet. Dette viser kor boblene du skyt kjem til å treffa. Veldig praktisk, men dessverre ikkje alltid tilgjengelig. Andre forskjellar er sjølvsagt musikken og lyden, som for øvrig er bra.

Konklusjon

Likte du dei andre spela basert på denne spelidéen, vil du òg lika dette. Alle spela er gode – og veldig like, men forskjellige nok til å gje variasjon. Er du lei eitt av dei, kan du slappa av med eit anna. Mitt råd er derfor: Prøv alle!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 200×150 JPEG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.0
Forfattar
James J. Bond
Heimesida
Busta Move
Kort beskriving
Du skal skyta farga bobler på andre farga bobler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei.

Nedlasting

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Busta Move vart først omtalt 2000-09-29.


Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel:

 
 


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.