Her har me faktisk tre spel som liknar veldig på kvarandre – dette, BubbleBall og Busta Move. Alle spela går ut på det same; du skal skyta bobler/kuler med ei kanon, og desse vil forsvinna viss tre eller fleire i same farge festar seg saman. Boblene/kulene under dei vil òg forsvinna.
Sidan alle spela er variantar av same spelidé, vil eg i kvar omtale konsentrera meg om forskjellane mellom dei.
I dette spelet får du boblene utdelt i ei bestemt rekkjefølgje, noko du ikkje gjer i dei andre spela. Bretta er allereie utstyrt med bobler i forskjellige posisjonar og fargar. Dei første bretta er då ganske enkle. Men seinare blir det vanskeligare – nokre brett er verkelig vanskelige (kan spesielt nemna brett nr. 22, utrulig vanskelig, men eg klarte det til slutt). At kanonen du styrer rører seg horisontalt på nokre brett er ikkje akkurat med på å gjera det lettare.
Nokre brett ser vanskelige ut, men er kjempelette. Derfor er det viktig å sjå nøye etter løysingar. Eg må seia at ein del av bretta rett og slett er geniale! Sjølv om spelet inneheld mykje strategi, er det òg viktig at du har raske refleksar.
Spelet inneheld forresten ein spesialmodus for fargeblinde, der kvar boble har eit lite symbol som representerer fargen. Ein god idé, synest eg, då spelet blir tilgjengelig for fleire.
Du kan oppretta eigne brukarprofilar for forskjellige spelarar. so kan kvar person som speler spelet begynne på det brettet dei sist var på. Det er 50 brett, og du kan t.o.m. laga dine eigne.
Likte du dei andre spela basert på denne spelideen, vil du òg lika dette. Alle spela er gode – og veldig like, men forskjellige nok til å gje variasjon. Er du lei eit av dei, kan du slappa av med eit anna. Mitt råd er derfor: Prøv alle!
Bubble Puzzle 97 vart først omtalt 1999-06-19.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: