Gratis kvalitetsdataspel

Blocks+

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

I dette spelet, spelar du Audrey, ei søt lita jente på jakt etter små, fine «steinar». Desse steinane er spreidd rundt på ein haug med brett, og ikkje alle er like lett å få tak i …

Sjølve spelet

Kvart brett er skjermstort og består av mange ruter, med eller utan gjenstandar på. For å få tak i steinane må du rett som det er skubba boksar og andre gjenstandar av vegen. Du løyser eit brett ved å samla alle steinane på det.

Her er ei kort gjennomgang av nokre av dei tinga du vil finna i spelet:

Boksar
Desse kan du skubba rundt, enten for å få dei av vegen, eller for å sperra ulike monster inne.
Fallruter
Desse rutene kan du berre passera ein gong. Når du har passert dei, blir dei forvandla til ugjennomtrenglige veggar.
Dører og dørbrytarar
Lukka dører kjem du ikkje gjennom, men ved å trykka på tilhørande brytarar blir dei opna. Ein del dører krev at fleire brytarar er slått på samtidig.
Bomber
Det finst to typar bomber, dei som eksploderer når dei blir skubba inn i noko, og dei som eksploderar ved å stå nær andre eksploderande bomber, eller ved å bli truffen av laserstrålar.
Laserstrålar og speil
Laserstråler er livsfarlige å komma i kontakt med, men er nyttige, då dei kan sprenga bomber og monster. Dei kan òg reflekterast i forskjellige retningar ved hjelp av speil.
Moster
Monster er ikkje snille, og du bør helda deg langt vekke frå dei.

Monster

Spelet inneheld monster, men det er først og fremst eit tenkespel, og du treng oftast ikkje springa frå dei. Dei rører seg i forutsigbare retningar, og kan vanligvis sperrast inne av boksar.

An

Til hjelp vil du på nokre brett finna kjærasten din, An. De må samarbeida for å klara å få tak i alle steinane. Du kan enten spela begge personane sjølv (noko som fungerer fint), eller få med ein ven, slik at de spelar ein person kvar.

Grafikk

Grafikken i spelet er imponerande. Han er fargerik, fin og variert. Det finst nemlig fleire ulike «tema», som set utsjånaden til bakgrunnen, gjenstandane, Audrey og An, samt monstera.

Musikk og lyd

Musikken er òg sers bra. Det finst ein melodi til kvart tema, og sjølv etter lang tids speling blir ikkje musikken irriterande. Det finst òg nokre lydeffektar i spelet, og desse fungerer fint. Ein flott detalj, er at lydeffektane er i stereo. Når det skjer ting på venstresida av brettet, blir effektane spelt i venstre høgtalar – tilsvarande for høgresida.

Bretta

Bretta er òg noko som imponerer med dette spelet. Dei er genialt utforma! I begynnelsen er dei veldig lette, men dette endrar seg snart. Dei første bretta fungerer som ei slags opplæring, der du blir van med kontrollane i spelet, og korleis du skubbar boksar. For kvar nye ting som blir introdusert, er det òg eitt eller to enkle opplæringsbrett.

Vanskegraden er svært variert. Nokre brett ser ved første augekast veldig lette ut, men er veldig vanskelige. For andre brett gjeld det motsette. Men ingen brett er umulige. Eg er stolt over å kunna seia at eg til slutt klarte alle bretta! ☺ Det er for øvrig over hundre stykk av dei, fordelt på to brettsett. Mitt tips er å sjå nøye på kvart brett før du begynner. Då kan du lett identifisera ting du må, og absolutt ikkje må gjera.

Profilar

Spelet held orden på kva brett du har – og ikkje har – klart. Når du startar det, kan du logga inn med din eigen brukarprofil, der denne informasjonen er lagra. Slik kan fleire bruka spelet samtidig, utan å løysa kvarandres brett. Du kan forresten hoppa over vanskelige brett, for so å spela vidare på dei seinare.

Konklusjon

Eg elskar dette spelet. Det er kjempegøy, og fungerer utmerka som hjernetrim. Det har blitt mange seine kveldar/netter der eg har sitte og spela, berre for å komma «litt lenger». Vis du likar spel som krev litt tankeaktivitet, rår eg det til å prøva dette spelet; du vil ikkje angra!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×224 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×224 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×224 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×224 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.02
Forfattar
An Ly
Heimesida
Blocks+
Kort beskriving
Skubb boksar og saml små steinar gjennom mange brett. Kjempegøy hjernetrim for heile familien!

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Blocks+ vart først omtalt 2001-06-06.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.