Gratis kvalitetsdataspel

Atoll

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dei søte eyotane skal flytta til ei ny øy, Atoll, og det er di oppgåva å hjelpa dei til å komma der. For tida held dei til på ei sky over øya, men tør ikkje hoppa ned åleine. Du må derfor bringa fleire av same farge saman, slik at dei tar sjansen på å hoppa.

Tetris?

I prinsippet liknar dette veldig på vanlig Tetris, men har meir sjarm. Du styrer ei hand som plukkar opp ein og ein eyot, med tilfeldig farge. Innan kort tid må du sleppa denne ned på skya, helst i nærleiken av ein annan eyot med same farge. Når ei visst tal eyotar med same farge er samla (talet avhenger av vanskegraden) hoppar dei ned, og du får poeng. Havet stig stadig, og truar med å flauma over øya viss du ikkje klarer å få nok eyotar heim. Men viss du klarer det, kjem du til neste brett, med eit endå meir brutalt havstigingsnivå! Det er tolv brett i spelet.

Nokre eyotar er framleis egg, og du må venta til dei blir klekka ut før du kan senda dei ned til øya. Dei tar opp dyrbar plass på skya. Viss ei «kolonne» på skya blir full, dett nemlig den øvste eyoten der i havet – og vatnet stig …

Etter kvart som fleire og fleire eyotar kjem heim til øya, begynner dei å reisa ulike byggverk. Du får eitt påbygg for kvart brett, og dette fungerer ganske motiverande for spelinga (det er jo spennande å sjå kva som blir bygd til slutt).

Grafikk og lyd

Grafikken er veldig fargerik og fin. Musikken er heilt grei, og passar bra til handlinga i spelet. Dess meir havnivået stig, jo meir dramatisk blir musikken. Det er lydeffektar når du slepp eyotane ned på skya, og når dei hoppar ned på øya. Det er ikkje noko spesielt med fantastisk med desse, men dei fungerer godt. Dei er spesielt underhaldande når du klarer å stabla eoytane i intrikate mønster slik at haugevis av dei dett ned på øya i rask rekkefølgje.

Konklusjon

Eg likte dette spelet. Slike Tetris-liknande spel er som nok mange har erfart veldig vanedannande, og dette er ein veldig god variant.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 JPEG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 JPEG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.0
Forfattar
Lucid Games
Kort beskriving
Tetris-liknande spel der du skal prøva å frakta små, søte vesen til si nye heimøy.

Nedlasting

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Atoll vart først omtalt 2001-03-17.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.