Gratis kvalitetsdataspel

Akuji the Demon (魔王のアクジ)

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Historia

Ein gong levde den vonde demonen Akuji i landet, og han terroriserte alle innbyggarane. So dukka ein helt opp, og klarte til slutt å vinna over Akuji (og få prinsessa og heile kongeriket). Men Akuji var ikkje død; han hadde berre mista kreftene sine. No er han tilbake, og han vil ha hemn …

Helten hadde forsegla kreftene i ni kuler, som han hadde gøymt inni ein labyrint. I dette spelet er du Akuji, og du må få tak i kreftene dine og til slutt ta knekken på helten!

Ganske originalt å få spela «han vonde». Sånt kan eg lika!

Sjølve spelet

Dette er eit typisk plattformspel, og er delt inn i sju «verder», som kvar inneheld fleire brett som heng saman. Du kan gå fram og tilbake mellom dei ulike bretta som du vil.

Når du startar spelet, kan du nesten ingenting – berre gå fram og tilbake og hoppa litt. Men etter kvart som du finn kulene med kreftene dine kan du gjera meir, som å springa fortare, hoppa høgare eller skyta eld (mot ymse fiendar). Då får du òg tilgang til nye plassar å gå.

Eit irritasjonsmoment med plattformspel er at du må begynna heilt på nytt (eller på nytt på brettet) viss du blir ute. Slik er det ikkje her. Rundt om på bretta finst det nemlig nokre statuar der du kan lagra. Dette er noko eg set stor pris på. Du finn elles òg nokre skilt med nyttig informasjon (trykk «Pil opp» for å lesa dei).

Bonusting

Alle skikkelige plattformspel bør ha ei samling bonusting du kan få tak i viss du er grundig. Slik er det òg her. I kvar verd finst det ei bok gøymt, og når du har fullført spelet får du tilgang til eitt bilde for kvar bok.

Det finst òg nokre steinar som gjev deg ekstraliv når du har samla nok av dei. Viss du klarer å få tak i alle bøkene og alle steinane, og so fullfører spelet, får du tilgang til eit hemmelig rom. Alternativt kan du klara spelet på under ein time for å få tilgang til same rommet.

Viss du etter dette òg klarer å fullføra spelet på under ein halvtime (som blir lettare på grunn av det du finn i rommet) får du tilgang til endå eit hemmelig rom. Men so er det slutt!

Grafikk og lyd

Grafikken er lavoppløyselig og minner ein del om dei gode, gamle plattformspela. Han er for øvrig veldig god!

Spelet har òg fin bakgrunnsmusikk, som ein overraskande nok ikkje blir lei av, samt passande lydeffektar. I det heile er grafikken og lyden perfekt for spelet.

Nedlasting og installering

Nedlastingslenkja peikar til ei nettsida og ikkje direkte til fila. Du finn fila nedst på denne sida.

Spelet er for øvrig opphavlig japansk, men finst i ei (uoffisiell, etter det eg kan sjå) engelsk omsetting. Omsettinga må installerast manuelt ved å kopiera nokre filer og kjøra eit lite program eit par gongar. Det er litt komplisert, men forhåpentligvis overkommelig.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.0.1
Forfattar
Buster
Kort beskriving
Godt, gammaldags plattformspel med ein artig vri.

Nedlasting

Kategoriar spelet er med i

Akuji the Demon (魔王のアクジ) vart først omtalt 2003-07-05.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.