Gratis kvalitetsdataspel

Plattformspel

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Siste nye eller oppdaterte spel

2005-02-19 (oppdatert) – Super Methane Brothers
Kjempekult Bubble Bobble-liknande spel med flott grafikk og lyd.
2004-12-20 – Zwarte Piet
Du spelar den nederlandske nissens hjelpar, Svarte-Peter, og fer rundt oppå hustaka med julegåver og peparkaker til ungane.
2003-11-02 (oppdatert) – Happyland Adventures – Xmas Edition
Genialt plattformspel, no i juleversjon med flott julegrafikk og julemusikk.

Speloversikt

Akuji the Demon (魔王のアクジ)
Godt, gammaldags plattformspel med ein artig vri.
Burger TimeWARP!
Ein nyversjon av det eldgamle spelet Burger Time, med sterkt forbetra grafikk, lyd og spelbarheit.
Dafty Duck
Bubble Bobble-liknande spel med pingvinar og andre rare dyr.
Happyland Adventures – Xmas Edition
Genialt plattformspel, no i juleversjon med flott julegrafikk og julemusikk.
Icy Tower
Hopp oppover i eit uendelig høgt tårn. Med god springfart kan du klara ymse spesialtriks for å komma høgare.
Jetpack
Fyk rundt med ein rakett på ryggen og saml smaragdar …
Jet Set Willy PC
Nyversjon av dette klassiske spelet. Romma og styrekontrollen er identisk med originalen, men spelet har sterkt forbetra grafikk og musikk.
Jump ʼn Bump
Fleirspelarspel for to til fire spelarar. De spelar nokre små, søte kaninar, viss einaste kall i livet er å prøva å ta livet av kvarandre.
Manic Miner PC
Nyversjon av dette klassiske spelet. Romma og styrekontrollen er identisk med originalen, men spelet har sterkt forbetra grafikk og musikk.
Peach’s Dream
Plattformspel med nydelig, handteikna grafikk.
Sint Nicolaas
Du spelar julenissen som hoppar frå tak til tak for å sleppa julegåver og peparkaker ned i skorsteinane.
Sint Nicolaas 2
Du spelar julenissen som klatrar oppå taka for å sleppa julegåver og peparkaker ned i skorsteinane.
Spryjinx
Plattformspel der to spelarar prøver å samla mest mulig poeng ved å hoppe på brikker av ulik verdi, eller få motstandaren til å detta ned.
Spryjinx 3D
Eit 3D-plattformspel der to spelarar prøver å samla mest mulig poeng ved å hoppe på brikker av ulik verdi, eller få motstandaren til å detta ned.
Super Methane Brothers
Kjempekult Bubble Bobble-liknande spel med flott grafikk og lyd.
T-32k
Skytespel som liknar litt på det gamle Turrican-spelet. Tar veldig liten plass.
Zwarte Piet
Du spelar den nederlandske nissens hjelpar, Svarte-Peter, og fer rundt oppå hustaka med julegåver og peparkaker til ungane.

 

Om nettstaden

Her finn du omtalar av 17 gratis plattformspel av veldig høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6. Meir informasjon finn du på informasjonssida.

Om kategorien

Denne kategorien inneheld plattformspel. Plattformspel er spel som går føre seg på plattformer. Vanligvis skal du hoppa mellom plattformene, samla opp bonusgjenstander (f.eks. ekstraliv) og finna utgangen.

Andre kategoriar


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.